Om NLT

Norske Landbruksteneste

Norske Landbrukstenester (NLT) vart starta i 1991. Det er ein sjølvfinansiert medlemsorganisasjon for avløysarlaga og landbrukstenestene i Noreg. NLT si hovudoppgåve er å arbeida for at medlemslaga skal kunne tilby bøndene tenester av høg kvalitet. Først og fremst for å dekkje behovet for kvalifisert arbeidskraft. 

NLT -arbeider for:

 

  • Betre samarbeid og felles målsetjing i landbruket. 
  • Betre trivsel og tryggleik for den enkelte bonde, og for arbeidstakarane.
  • Større effektivitet og opplæring. 
  • Betre ressursutnytting, både fagleg og økonomisk. 
  • Produktutvikling/informasjon. 

 

Kva gjer vi:

  • Samarbeidar med faglaga, staten og andre i landbruket for å oppretthalde og forbetre     velferdsordningane for bonden.
  • Sørge for at kvart enkelt medlemslag er godt rusta i kvardagen. Dette gjer vi ved å hjelpe dei innan:
  • Økonomi - rekneskap og lønn       
  • Personalhandsaming      
  • IKT       
  • Bedriftsleiing      
  • Reglar og forskrifter       
  • Fusjonering og samarbeid med andre
  • Forhandlar fram gode forsikringsordningar for medlemslaga
  • Tilbyr ein god OTP-ordning for bøndene og ansatte
  • Tilbyr kurs og haustsamlingar for tilsatte og tillitsvalte i medlemslaga. Organisasjonen hadde i 2009 115 medlemslag 

Målsetting:

 

  • Redusera kostnadane for den enkelte bonde gjennom auka samarbeid. 
  • Arbeida for betre og enklare velferdsordningar. 
  • Meir profesjonelle medlemslag, som gjer ein best mogleg jobb for den enkelte bonde.  
  • Større krav til resultat av arbeidet. Det skapar tryggleik og trivsel i næringa. 

Styret: 

 

  • Styret består av 5 personar, valt av årsmøtet.
  • Inntil eit styremedlem kan vera dagleg leiar, resten tillitsvalte.
  • Styreleiar er på val kvart år.
  • Styremedlemmene elles er på val kvart andre år.
  • 1. varamedlem møter fast på alle styremøter.  

Administrasjon:

Administrasjonen ligg i Rosendal i Kvinnherad Kommune, og har 3 tilsette - 3 årsverk.